Om lysverket ved Hardangerfjorden:

Lysverket Hardanger Skyspace av James Turrell byr på ei heilt unik oppleving.
Gjennom skumring og demring er ein omslynga av farga lys - lys som er i endring og som speglar mot ei ellipseforma opning i taket
som går rett ut mot kvelds- eller morgonhimmelen.
Samspelet mellom LED-lys og naturleg lys påverkar persepsjonen vår av himmelen.

Turrell har no laga over 80 unikt utforma skyspaces på verdsbasis. Nokre er sjølvstendige bygg, medan andre er integrert i eksisterande arkitektur.
Hardanger Skyspace er Turrell sin nordlegaste permanente skyspace-installasjon.