PUBLISERT 25.04.2017
Opningsfest
Kabuso: Opning Hardanger Skyspace - James Turrell

Hardanger Skyspace vart opna 23. september 2016 til stor fest. Først med velkomsdrikk, musikk og talar i konsertsalen i Kabuso. Deretter vart det lystog ned til sjølve installasjonen med påfølgjande snorklipping ved ordførar i Kvam herad, Jostein Ljones. Festen fortsette så med god mat og drikke - og ikkje minst mange intereserte i kø for å få ein titt inn i nyopna Hardanger Skyspace. Kvelden vart avrunda med musikk av Benedicte Maurseth (hardingfele) og bergensbandet Snø.    

Foto: Mariusz Marksac 

Del på Facebook
PUBLISERT 25.04.2017
Takk!

Fem år etter at James Turrell for fyrste gong vitja Hardanger, er Kabuso stolt og glad for å ha kunne avduke dette spektakulære kunstverket.

Tusen takk til Turrell for å gjere denne draumen verkeleg! Vi står også i stor takksemd til kurator Rembert Biemond, som oppretta kontakten vår til kunstnaren.
Biemond har vore ein uvurderleg støttespelar gjennom prosessen.

Elles vil vi takke varmt for alle økonomiske bidrag som har gjort det mulig for oss å reise dette kunstverket:

NORSK KULTURFOND
HORDALAND FYLKESKOMMUNE
KVAM HERAD
KVAM NÆRINGSRÅD
HARDANGERRÅDET
NORWEGIAN HULL CLUB

Del på Facebook